Open site www.kulturarv.noOpen site .
Kontakt oss
Om nettstaden
Kulturlandskap
Tiltak og skjøtsel
Forvaltning, lovverk og tilskotsordningar
Fagmiljø
Litteratur
Kart og data
Aktivitetar
Barn og ungdom
 





Nytt tilbod i landbruket:

Grønt telefonnummer for bygningsteknisk rådgjeving

10.03.2010, Norsk Kulturarv
Nå kan bønder med byggjeplaner ringje Norsk Landbruksrådgivning på grønt nummer 800 30 678 for rådgjeving.

Moderne fjøs i gammalt kulturlandskap, Øyer. Foto: Mathias Øvsteng
Norsk Landbruksrådgivning overtok frå nyttår ansvaret for bygningsteknisk rådgjeving i landbruket. Tidlegare var dette oppgåva til fylkesmennene.

Rådgjevinga skal sikre bygningsmiljø og kulturlandskap, på eit felt der behovet er stort. Tenesta omfattar også langt meir enn berre tekniske teikningar med gode løysingar for produksjonen. Landbruket er produsent av kollektive samfunnsgode, og har samtidig ansvar for bygningsmiljø og landskap.

Målet med rådgjeviga er kvalitetsbygg til riktig pris, saman med omsynet til byggjetradisjon og kulturlandskap. Plassering, lokal arkitektur og tunutforming er sentrale element i arbeidet. Effektiviseringa og nye lover, blant anna i den nye dyrevelferdslova, stiller også krav til at planlegginga må få eit nytt løft.

Den nye tenesta vil bidra til å sikre kvalitetsbygg i landbruket, som også tar omsyn til kulturlandskap og byggjetradisjonar, seier landbruks– og matminister Lars Peder Brekk.


Kjelde: LMD




NYTT & NYTTIG
Flekkefjord: Kostbart å flytte villsau på beite...
Rovdyr og levande bygder...
Sande i Vestfold best i landet - -...
Park eller levande bygd?...
Bærum: For lite jakt i kulturlandskapet...
Oppgang i gards- og stølsturisme...
Jordbrukårsverket auka med kr 30000...
Kor viktig er bonden?...
BU-pris til Møllevollen gård...
Kva slags jordbruk vil vi ha?...
Nesset støttar TV-serie...
Utan bønder gror Norge igjen...
Avdemoniserer rundballane...
Arild Haalands Vernepris...
Fiasko for beitebørs...