Open site www.kulturarv.noOpen site .
Kontakt oss
Om nettstaden
Kulturlandskap
Tiltak og skjøtsel
Forvaltning, lovverk og tilskotsordningar
Fagmiljø
Litteratur
Kart og data
Aktivitetar
Barn og ungdom
 





Samling om Handlingsplan for slåttemark

11.02.2010, Kulturlandskapssenteret
Den 8.-9. februar arrangerte Direktoratet for naturforvalting seminar om Handlingsplan for slåttemark. I tillegg til eit rikhaldig fagprogram om slåtteengenes historikk og økologi, var dei fire fyrste pilotfylka kalla inn for å dele av sine røynsler med handlingsplanarbeidet gjennom 2009. Og den fyrste handlingsplanen for ei naturtype fekk ei verdig feiring.

Handlingsplan for slåttemark er ein lekk i regjeringa sitt mål om å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010 (jf. Konvensjonen om biologisk mangfald og partsmøtet i Haag 2002). Planen blei ferdigstilt av DN i november 2009, og er den fyrste handlingsplanen som omfattar ei naturtype. Det er hittil berre utarbeidd handlingsplanar for einskildartar. Planen vil også spela ei viktig rolle når det gjeld den ferske Naturmangfaldlova sine bestemmelsar om prioriterte artar og utvalde naturtypar. Slåttemarka er kan hende vår mest "ukjente", men samstundes mest artsrike naturtype.

Seminaret gjekk av stabelen på Trugstad gård på Romerike, og samla deltakarar frå Oslo og Akershus, Buskerud, Telemark, Agderfylka, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Ann Norderhaug, forskingssjef på kulturlandskap ved Bioforsk, opna den faglege delen av seminaret med eit føredrag om slåttemarkas opphav og særeigenheiter. Lars Ove Hansen frå Universitetet i Oslo fortalte om insektlivet i kulturlandskapet og ulike insekt sine økosystemtenester i artsrike kulturmarker. Tilhøvet mellom slåttemark og det biologiske mangfaldet blant beitemarkssoppar blei lagt fram av frilansbiolog John Bjarne Jordal. Frå Norsk genressurssenter kom Åsmund Asdal og snakka om viktige genetiske ressursar i enga for nyttevekstar sin del. Det nordiske samarbeidet NordGen var representert ved Morten Rasmussen. Han fortalte om oppbygginga av NordGen og arbeidet med bevaring av frø og genressursar både på deira naturlege voksestader og i genbankar, samt om framtidas moglegheiter innan forsking på feltet.

Seminaret var også eit arbeids- og inspirasjonsmøte for medverkande frå dei fire fyrste pilotfylka og aktuelle ny samarbeidspartnarar i andre fylke. Ellen Svalheim frå Bioforsk er pådrivar og "katalysator" for arbeidet som er igangsett i Telemark, Aust-Ader, Hordaland og Rogaland. Arbeidet er i desse fylka kopla saman Bioforsk sitt prosjekt Arvesølv. Representantar frå dei fire fylka la fram sine røynsler med arbeidet så langt. Det var i tillegg lagt opp til gruppearbeid der ulike spørsmål blei drøfta. Blant deltakarane var både landbruks- og miljøforvaltinga, Landbruksrådgivningen (tidl. Forsøksringen), Kulturlandskapssenteret, gardbrukaren og museumsnettverket representert. Den allsidige samansetjinga gjorde at ein lukkast i å få fram dei viktigaste utfordringane med vidare gjennomføring, både praktisk sett og med tanke på tilpassing til dei respektive forvaltings- og tilskottssystema.

Seminaret blei leia av sjef ved Seksjon for Biosikkerhet, fremmede arter og kulturlandskap, Gunn Paulsen og rådgjevar Sissel Rübberdt. Det blei retta ein særskild takk til seniorrådgjevar Akse Østebrøt ved samme seksjon og Ann Norderhaug som handlingsplanens "to mødre". Frå Telemark og Kulturlandskapssenteret helsa Ingvill Marit Buen Garnås handlingsplanen velkomen med eit knippe solbøner;

Solbøn

Låvå, låvå Line
Tru sole måtte skine
Ivi topp og ivi tre
Ivi folk og ivi fe
Ivi åker, ivi eng
Ivi Jomfru Marias raude gullseng.

Solbøn/bånsull som finst i mange variantar i Noreg og Sverige, denne frå Tuddal i Telemark. Frå gamalt blei solbønene sikkert nytta på Godvêrsbønedagen 22. juli. Slåtten byrja tradisjonelt kring 10. juli, merkedagen Knut med ljåen. Hundedagane går inn 23. juli. Mange stader blei vêret dei neste vekene spådd ut frå denne dagen.






NYTT & NYTTIG
Flekkefjord: Kostbart å flytte villsau på beite...
Rovdyr og levande bygder...
Sande i Vestfold best i landet - -...
Park eller levande bygd?...
Bærum: For lite jakt i kulturlandskapet...
Oppgang i gards- og stølsturisme...
Jordbrukårsverket auka med kr 30000...
Kor viktig er bonden?...
BU-pris til Møllevollen gård...
Kva slags jordbruk vil vi ha?...
Nesset støttar TV-serie...
Utan bønder gror Norge igjen...
Avdemoniserer rundballane...
Arild Haalands Vernepris...
Fiasko for beitebørs...