Han viser til FAO, som meiner at matproduksjonen i verda må aukast med 50 % innan 2050, og at denne auken må basere seg på eigne ressursar i dei ulike landa. Moen meiner at Norge gjennom sin store produksjon av såkalla "kvitt kjøtt" gjennom den store importen av kraftfor legg beslag på store produksjonsareal i utlandet, og at denne utviklinga må snuast snarleg. Det er på høg tid Norge blir meir bevisste på å utnytte dei store beiteressursane vi har her til lands – og dette må bety ein auke i produksjonene av "raudt kjøtt" – dvs. den kjøttressursen som ligg i våre beitedyr, både storfe og småfe. Dette vi også vera avgjerande for eit
levande kulturlandskap.
Kjelde: Trønder–Avisa