Prisen blir utdelt i
Prestegårdslåna i Melhus 2. desember. Juryen seier at gunneigarane bak Melhussletta turstier og Varig vern av Medalhus gjer ein ekstraordinær innsats for landbrukets kulturlandskap i Sør–Trøndelag gjennom ulike kulturlandskapstiltak og gjennom arbeidet med langsiktig skjøtsel av et verdifullt jordbruksområde. Dei bidrar til allmenn fokusering på de verdiane dette kulturlandskapet representerer.
Melhussletta turstier har som formål å opparbeide og vedlikehalde turstiar, eksponere kulturlandskap og informere om landbruk og natur. Laget består av grunneigarar som har stiar på sine eigedomar på Melhussletta. Laget søkjer samarbeid med aktuelle brukargrupper, idrettslag, turistforeningar og andre.
En av grunneigarane, Jens Loddgard, har laga ein dam i jordbrukslandskapet, som betyr mykje for det biologiske mangfaldet og som samtidig aukar opplevingsverdien av turen. Barna set også stor pris på at Loddgard har sauer på beite i nærleiken av stien, som er merka på kart.
Fjøset hos Jens Loddgard er sett i stand slik at det kan leigast ut til møte og andre samankomster. I prestegårdslåna blir kultulandskapsverdiar formidla, og primus moter er styreleiar for stiftelsen Prestegårdslåna i Melhus, Kristine Kaasa Moe. Vidare kan turfolket gå på "stallkafé" hos Astrid Sæther og Halfdan Stendahl ".
Kjelde: Fylkesmannen i Sør–Trøndelag