Forskingsprosjektet er initiert av Norsk institutt for skog og landskap og NHO Reiseliv, og skal auke kunnskapen om forholdet mellom kulturlandskapet i jordbruket og bruken reiselivet gjer seg nytte av i dette landskapet. Dei ulike kulturminna i kulturlandskapet er også ein vesentleg del av forskingsprosjektet. Anders Bryn frå Skog og landskap er prosjektleiar.
Norges forskningsråd finansierer 80 % av prosjektet. NHO Reiseliv, Norges Bondelag, Riksantikvaren, Norges Skogeierforbund og Innovasjon Norge bidrar med resten.
Norsk Kulturarv sit i referansegruppa saman med Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Høgskolen i Hedmark, Universitetet i Bergen og Direktoratet for naturforvaltning.