Kronprinsen stod for den høgtidlege opninga av dei 20 utvalde kulturlandskapa i jordbruket søndag 28. juni. Markeringa foregjekk i Vangrøftdalen–Kjurrudalen i Os kommune i Hedmark.
Kronprins Haakon fekk markblomster av Eline Grue og Håkon Eggen frå Dalsbygda. Foto: Oskar Puschmann, Skog og landskap
Representantar frå dei andre 19 utvalde kulturlandskapsområda var også til stades, i tillegg til landbruks– og matminister Lars Peder Brekk og miljø– og utviklingsminister Erik Solheim.