Det er 3 prosent som er imot å oppretthalde jordbruket av minst same omfang som i dag.
Ikkje overraskande er det at nesten alle i kommunar der primærnæringa er den viktigaste næringa, er for å oppretthalde eit jordbruk på dagens nivå, medan oppslutninga er lågast i kommunar som i hovudsak har tenesteyting som hovudnæring.
Det er sjansane til å produsere mat med norsk kvalitet som er den viktigaste grunnen til at folk sluttar opp om jordbruket. 34 prosent oppgir dette som den viktigaste grunnen, medan det faktum at jordbruket gir oss levande bygder og opprettheld busettinga, får tilslutning av 32 prosent. Å ta vare på kulturlandskapet får oppslutning frå 19 prosent.
Kjelde: Norges Bondelag