Årets tema under biomangfolddagen er ”bekjempelsen av framande artar,” og Solheim vil ved sida av å dele ut prisen halde ein appell om temaet. Prisutdelinga er ein del av eit større arrangement som SABIMA (Samarbeidsrådet for biologisk mangfold) og Naturhistorisk museum held for å markere den internasjonale biomangfolddagen og Den internasjonale plantebevaringsdagen.
Solheim held appell og deler ut biomangfoldprisen kl. 15 ved Botanisk Museum på Tøyen i Oslo.