Hordaland fylkeskommune har i lengre tid arbeidd med dette. Fram mot sommaren blir det arbeidd med forslag til forskrift som skal sikre dei kvalitetane som er i området. Prosessane skal definere både føresegner og forslag til avgrensing av fredingsareal. Fylkeskommunen vil sikre ein open prosess saman med Kvinnherad kommune, og leggje til rette for innspel og opne møte om fredinga. Planen er å få eit dokument klart til offentleg høyring hausten 2009.
Kjelde: Hordaland fylkeskommune