Open site www.kulturarv.noOpen site .
Kontakt oss
Om nettstaden
Kulturlandskap
Tiltak og skjøtsel
Forvaltning, lovverk og tilskotsordningar
Fagmiljø
Litteratur
Kart og data
Aktivitetar
Barn og ungdom
 





Norges Naturvernforbund:

Statsbetalt invasjon av framande tre

28.04.2009, Norsk Kulturarv
Norge har fått framand skog på 800 000 dekar, mest på Vestlandet og i Nord–Norge. Biolog og dagleg leiar Rune Aanderaa i Samarbeidsrådet for biologisk mangfold (SABIMA) samanliknar spreinga med kanininntoget i Australia. Han meiner at dei framande treslaga om eit par generasjonar vil ha endra norsk natur.




Foto: Mathias Øvsteng
Fagleiar i Norges Naturvernforbund Aarnold Håpnes seier at dei framande treslaga er tidsinnstilte bomber som vil slå ut med veldig kraft om nokre tiår. Han mener at vi alt nå ser stor nedgang i artsmangfoldet der desse trea veks. Den hardføre sitkagrana er eit eksempel på slike treslag som invaderer Norge. Der trea rykkjer fram, er det knapt plass til andre artar.

Likevel held staten fram med å betale for utplanting av desse treslaga. Heilt sia 1800–talet har bønder og styresmakter prøvd å plante til det gamle kulturlandskapet, enger og lyngheier, og byte ut naturleg skog med framande treslag. Med god drahjelp av statleg og kommunal pengestøtte er mange utanlandske treslag utprøvde.

Kjelde: Norges Naturvernforbund.


NYTT & NYTTIG
Flekkefjord: Kostbart å flytte villsau på beite...
Rovdyr og levande bygder...
Sande i Vestfold best i landet - -...
Park eller levande bygd?...
Bærum: For lite jakt i kulturlandskapet...
Oppgang i gards- og stølsturisme...
Jordbrukårsverket auka med kr 30000...
Kor viktig er bonden?...
BU-pris til Møllevollen gård...
Kva slags jordbruk vil vi ha?...
Nesset støttar TV-serie...
Utan bønder gror Norge igjen...
Avdemoniserer rundballane...
Arild Haalands Vernepris...
Fiasko for beitebørs...