Fylkesmannen i Hordaland og Telemarksforsking med samarbeidspartnarane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Hordaland fylkeskommune, Aurland naturverkstad og landskapsparkane gjennomførte ein interessant og aktuell konferanse, der gjennomgangstemaet var lokal mobilisering, stadutvikling og næringsetablering med bakgrunn i landskap og kultur.
Landskapsparkkonseptet i Hordaland var bakteppet for konferansen, bl.a. med ekskursjonar til Stalheim og Myrkdalen landskapsparkar og til Flåm–Undredal og Nærøyfjorden Verdsarvpark på programmet. Fleire stadar i landet er slike parkar under utvikling – gjerne under andre namn – nokre er allereie etablert, og erfaringane dei har samla i arbeidet med og i parkane, hadde hovudfokus på konferansen.
Konferansen var andre dag inndelt i tre seksjonar: Verdiskaping, Forvaltning og organisering og Verktøy for bygdeutviklingog entreprenørskap.
Den berande ideen med landskapsparkar er bygdeutvikling med utgangspunkt i eigne kultur– og naturressursar med klart kommersielt siktemål og med "grøn" turisme som premiss, samt eit klart krav om lokalt engasjement. Den menneskelege ressursen er heilt sentral i dette biletet.