– Landbruket representerer ingen trussel mot friluftslivet. Tvert imot bidrar denne næringa til eit variert kulturlandskap med stiger og veger tilgjengeleg for alle. Byggje– og anleggsforbod for landbruket vil derfor virke mot sitt formål, seier Haugstad. Han meiner at endringane og presiseringane som må gjerast i lova, er for store til at dei kan stå som merknader i stortingsbehandlinga.
Norges Bondelag ser behovet for å ta vare på marka som eit sentralt friluftsområde, men meiner at det også må takast omsyn til jordvernet.