Størsteparten av jordbruksarealet i fylket er brukt til grovfôrbasert husdyrhald, med mjølk som den suverent største produksjonen. Det er derfor innan økologisk mjølkeproduksjon fylket må satse for å nå det nasjonale målet om 15 prosent økoproduksjon.
Hovudfokus i satsinga vil vera den økonomiske gevinsten bonden kan oppnå ved å leggje om til økologisk produksjon. Meirprisen på 0,85 kroner frå TINE, samt gunstig areal– og husdyrtilskot for økologisk produksjon, gjer at ein samla sett kjem bra ut i økologisk mjølkeproduksjon. Det er også eit sug i marknaden etter meir økologisk mjølk.