Open site www.kulturarv.noOpen site .
Kontakt oss
Om nettstaden
Kulturlandskap
Tiltak og skjøtsel
Forvaltning, lovverk og tilskotsordningar
Fagmiljø
Litteratur
Kart og data
Aktivitetar
Barn og ungdom
 





Foto: Arne Nyaas

Miljøstatus i Norge

Miljøstatus i Norge er utvikla av miljødirektorata på oppdrag frå Miljøverndepartementet. Statens forurensningstilsyn (SFT) er ansvarleg redaktør. Innhaldet på sidene er produsert og kvalitetssikrat av det direktoratet som har det formelle og faglege ansvaret innafor miljøforvaltninga.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) har ansvaret for tema dyr og planter, naturområde og friluftsliv, medan Riksantikvaren(RA) har temaet kulturminne. Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) er blant dei viktigaste leverandørane av data til tenesta.


www.miljostatus.no


Foto: Dag Aamlid, Skog og landskap

Skog og landskap

Skog og landskap (Norsk institutt for skog og landskap) er eit nasjonalt institutt for kunnskap om arealressursar, organisert under Landbruks– og matdepartementet. Instituttet formidlar kunnskap til styresmaktet, næringsliv og folk flest for å sikre berekraftig forvaltning og verdiskaping knytta til arealressursane.

Skog og landskap vart etablert i 2006 etter samanslåing av Skogforsk og Norsk institutt for jord– og skogkartlegging. Samtidig vart Norsk genressurssenter oppretta som ei avdeling ved instituttet.

Under menyvalg Kart og statistikk finst eit stort utvalg digitale og anaologe karttypar, og oversikt over kva som finst av kartgunnlag i ulike kommunar. Stikkord: gardskart, jordsmonn, vegetasjon, markslag, beitebruk, arealressursar, landskap, skog.

Under menyvalg Biologi og miljø finst blant anna informasjon om arbeid med dokumentasjon og overvaking av landskapsendringar. For å følgje opp miljøansvaret i jordbrukssektoren har Landbruks– og matdepartementet initiert eit program for å overvake tilstand og endring i jordbrukets kulturlandskap. 3Q–programmet vart igangsett i 1998, i samarbeid med Miljøverndepartementet, Norges Bondelag og Norsk bonde– og småbrukarlag. 3Q–programmet rapporterer nasjonale og regionale indikatorar for utviklingstendensar i jordbrukets kulturlandskap.

www.skogoglandskap.no


NYTT & NYTTIG
Flekkefjord: Kostbart å flytte villsau på beite...
Rovdyr og levande bygder...
Sande i Vestfold best i landet - -...
Park eller levande bygd?...
Bærum: For lite jakt i kulturlandskapet...
Oppgang i gards- og stølsturisme...
Jordbrukårsverket auka med kr 30000...
Kor viktig er bonden?...
BU-pris til Møllevollen gård...
Kva slags jordbruk vil vi ha?...
Nesset støttar TV-serie...
Utan bønder gror Norge igjen...
Avdemoniserer rundballane...
Arild Haalands Vernepris...
Fiasko for beitebørs...